Leslie Moonves
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/da/Les_Moonves_at_the_2009_Tribeca_Film_Festival.jpg/170px-Les_Moonves_at_the_2009_Tribeca_Film_Festival.jpg)
Leslie (Les) Moonves (fødd 23. desember, 1948) har vore administrerande direktør i CBS Television, som er ein del av Viacom Group, sidan 1998.
Moonves er direktør, og, sidan juni 2004, visepresident og chief operating officer*, i Viacom, som kjøpte CBS i 1999. Før dette var han sjef i CBS Entertainment frå 1995 og sjef i Warner Bros. Television frå 1993. Les Moonves har òg vore skodespelar.
Frå tidleg i 2004 har Les Moonves regelmessig vore med på Late Show with David Letterman, der David Letterman ringjer han opp og diskuterer aktuelle ting i CBS med han.